PRESENT – Gunilla Maria Åkesson / Nina Malterud / John Skognes / Sidsel Hanum / Takeshi Yasuda

07. November - 07. Feb 2021 - Bomuldsfabriken

Dagens keramikk har forlengst vunnet innpass i kunstverdenen og blitt anerkjent på linje med andre kunstformer. I 1998 presenterte vi den første utstillingen med tittelen PRESENT. Dette var en ren keramikkutstilling og ble starten på en serie utstillinger med fokus på kunsthåndverk og da spesielt keramikk. Nå skriver vi 2020 og byr på den fjerde utstillingen i serien. Denne gang med fem keramikere som er ledende innen sitt fagområde. Felles for alle er at de arbeider med tydelige referanser til funksjon. Samtidig beveger de seg langt i sin personlige måte å angripe materialet leire på. Tittelen PRESENT handler om å være tilstede i øyeblikket. Å fange det forbigående og flytende i skjæringspunktet mellom da og snart innebærer i praksis en grunnleggende utfordring. Et annet fellestrekk er en langsom kreativ prosess der materialet inspirerer til nye muligheter og valg underveis. Alle jobber i serier i en meditativ prosess som er både spontan og samtidig kontrollert.

Gunilla Maria Åkesson (f. 1963, Älghult, Sverige) bygger og modellerer former for hand. Hun jobber ofte med serier av samme form. Dette er grunnleggende former som f.eks. sylinderen; en form alle kjenner og har et forhold til.

Nina Malterud (f. 1951) bor og arbeider i Bergen. Malterud sine arbeider innleder ofte til samtaler om hva funksjon er. De har tydelige referanser til funksjonelle gjenstander men har iboende kvaliteter som dekker helt andre behov enn bare funksjon. Gjenstandene er kraftsentre av energi frembrakt av kontrasten mellom det kontrollerte og det spontane; glasur og dekor.

Sidsel Hanum (f. 1955) bor og arbeider på Borøya, Tvedestrand. Hanum har i flere år forsket på leiras muligheter og begrensninger gjennom en teknikk der hun bygger skulpturelle gjenstander ved hjelp av flytende innfarget porselen. Hun bygger lag på lag og henter inspirasjon fra naturen.

Takeshi Yasuda (f. 1943) bor og arbeider i Jingdezhen, Kina. Yasuda er en mester innen faget, han er verdenskjent og en av de mest respekterte keramikere i dag. Med utgangspunkt i japansk tradisjon har han utviklet et særegent formspråk i porselen.

John Skognes (f. 1953) bor og arbeider på Fjone, Telemark. Skognes viderefører en lang, krevende og stolt tradisjon innen keramikken. Han dreier former som han vedfyrer i en stor utendørs keramikkovn. Leira formes med hendene og løftes videre av flammenes varme opp til 1300 grader før det kjøles og åpenbarer seg som store krukker og teboller. Dette møtet mellom flammer og de forskjellige leiretypene kombinert med alt det uforutsigbare som skjer inni ovnen under en brenning, gir de vareste fargenyanser uten bruk av glasur. Det krever en årelang erfaring å mestre dette.

Kurator: Harald Solberg

 

Verksliste_3-20

Katalogtekst

3-20 Katalogtekst PRESENT

Anne Britt Ylvisåker

To be present and present a present

Ein god utstillingstittel kan fungere som ei fin rettesnor i møtet med ny kunst. Aller best er titlane  når dei er smale nok til å skjerpe blikket, men breie nok til å opne opp og invitere til fleire assosiasjonsrekkjer. Present er for meg ein slik tittel. Det latinsk/engelske omgrepet har også snike seg inn i det norske språket, og går inn som ein del av daglegtalen vår både som verb og adverb, substantiv og adjektiv. Omgrepet har mange tydingar, og kan vise til både tid og stad, om det å introdusere, lansere og gjere kjent, men også om det å avdekke, overrekke, tildele eller rett og slett vere det som blir gjeve – altså presangen sjølv. Og det kan skildre både fysiske og mentale tilstandar.

Harald Solberg var ganske nytilsett som leiar ved Bomuldsfabriken, då han i 1998 lanserte den første av ein serie kunsthandverksutstillingar som alle skulle gå under overskrifta Present. Det er lett å lese tittelvalet den gongen som eit ønskje om å formidle det som føregjekk på eit fagfelt som akkurat der og då var både i sterk medvind og ikkje minst i stor endring; det vil seie å plassere Bomuldsfabriken midt i sentrum av hendingane og få fram det som skjedde då det skjedde.

Den første utgåva av Present var på den eine sida ei rein keramikkmønstring, og tok slik sett føre seg berre ein del av fagområdet kunsthandverk. På den andre sida understreka utvalet av kunstnarar og verk det store spennet som akkurat på denne tida byrja å vise seg for alvor på keramikkfeltet: Av gruppa på fjorten kunstnarar, var om lag halvparten vel etablerte keramikarar som i fleire tiår på kvar sine måtar hadde utforska sjølve materialet leire, samt eksperimentert med glasurar og brenning, som til dømes Torbjørn Kvasbø, Beth Wyller og Svein Narum. Resten av kunstnarane, derimot, arbeidde meir grenseoverskridan­de mot andre fagfelt: Nokre nærma seg biletkunsten eller var sjølve biletkunstnarar, og brukte tredimen­sjonale keramikkobjekt som bakgrunn for teikning, måleri eller dekalar (skyvebilete), som til dømes Nils Martin Erichsen, Lippa Dalén og Kjell Nupen. Andre retta fokuset meir mot industri-, design-, skulptur- eller arkitekturfeltet, som Irene Nordli, Tina Jonsbu og kunstnarduoen SLIPP. Mange av desse var heilt nyutdanna, og tok no det første steget inn i kunstnarkarrieren sin. Ein fyldig katalog understreka ytterlegare kor vidt keramikkfeltet kan femne både i storleik, form, tid og rom, samt at keramikk har blitt brukt på mangfaldige måtar gjennom fleirfaldige hundreår. Fagfeltet er tufta på ei svært lang og rik historie.

I dag, 22 år seinare, kjem den fjerde og siste utgåva av Present, som skulle vere avskjedsutstillinga til Solberg på det som no heiter Bomuldsfabriken Kunsthall. Også dette er ei rein keramikkutstilling. Også denne gongen handlar Present om å vere der det skjer når det skjer. Men der stoppar fellestrekka. Dette er ei heilt anna type utstilling. Det er som om Solberg ønskjer å samle trådane frå første utgåva. Blikket skal ikkje lenger vendast utover så langt som råd. Snarare innover mot seg sjølv; inn i keramikken; inn i leira; inn i keramikaren. Framfor å aktivt utfordre eller viske ut faggrensene, arbeide med hybrid kunst eller over i det utvida kunstfeltet, er det no snakk om å vere mentalt til stades der ein er. Det handlar om fokus, fordjuping, konsentrasjon og nærvær. Det handlar om å halde seg i sjølve kjernen av faget, og undersøke kva som finns der.

Berre ein av kunstnarane har delteke i begge keramikkmønstringane: Den japanskfødde keramikaren Takeshi Yasuda. Om han var den mest langvegsfarande, og den einaste representanten utanfor Norden i den første utstillinga – han budde i England på denne tida – var han slett ikkje framand for eit norsk keramikkpublikum, og særleg ikkje for Harald Solberg. Solberg var sjølv utdanna keramikar frå det som i si tid heitte Bergens kunsthåndverksskole, og var student sist på 1970-talet då det kom til konflikt på keramikkavdelinga og lærarane forlèt skulen for godt. Studentane fekk ansvar for å finne tak i lærarkreftene sine sjølve, og den første gjestelæraren som hadde eit lengre opphald på skulen i Bergen var nettopp Takeshi Yasuda. Møtet skulle bli skjelsettande for mange av studentane, og sær­leg måten han demonstrerte dreiehandverket på gjorde inntrykk. Ikkje det at dreiing var noko nytt og framand for studentane, men medan idealet til dei gamle lærarane hadde vore å skulle dreie så tett opp til ei arbeidsteikning som råd, arbeidde Takeshi direkte i leira utan førelegg. Og han dreia i veldig våt leire, heilt på grensa til kva som faktisk lét seg forme, og dreiv opp formene sine til balansepunktet rett før leira klappa saman på dreieskiva. Ein slik teknikk krev for det første store handverksferdigheiter, men også evna til å gjere det som skal gjerast akkurat i rett tid. Det viser att i resultatet: Sjølv etter at leirobjektet er turka og godset er glasert og brent, ser objektet vått ut, som om leira framleis er i rørsle på dreieskiva. Det er som om ein augneblink midt i dreieprosessen har gått i frys. I dei nye arbeida har han gått eit skritt lenger, og kombinerer det å dreie vått med det å slenge på det ferdigdreia, men framleis våte objektet. Slik vil leira bli slynga til ujamne bølgjer langs kanten av kara hans.

Også svenske Gunilla Maria Åkesson, som var student under Solberg då han underviste på skulen i Bergen på seint 1980-tal, arbeider på grensa til det umogelege, men ho dreier ikkje. I staden brukar ho den urgamle pølseteknikken til å arbeide opp skaltynne veggar til ein høg, klassisk sylinder: Først legg ho eit flak i ei form med svakt konkav botn, før ho fester rad på rad med tunne pølselengder som ho først stryk ut før ho forsiktig dreier på kavaletten med den eine handa, og formar veggane med fingrane på den andre. Etter nokre få rader blir veggane for ustabile til å halde fram, og leira må tørke litt før den toler å få bygd på nokre rader til. Dette er ein av grunnane til at Åkesson arbeider i seriar med fleire sylindrar i gongen. Sidan dei er på ulike stadium i turkeprosessen, kan ho flytte seg frå det eine arbeidet til det andre, alt etter som dei er klare for neste runde. Teknikken er langsam, og for Åkesson er den monotone repetisjonen i det å utforme skjerven nesten ei meditativ handling der ho går i eitt med leira. Slik prøver ho sakte å få kontakt med og oppleve det ho kjenner er til stades i forma, og som ho ønskjer å få fram og forsterke i prosessen vidare.

Dei første sylindrane til Åkesson var laga i porselen, og var så tynne og skjøre at ein kunne sjå gjennom dei. Deretter følgde nokre større sylindrar i porøs leirgods, tilsynelatande tilfeldig glaserte med lys glasur rennande lag over lag utan heilt å dekkje den raude skjerven. I serien som blir vist på Bomuldsfabriken denne gongen, har Åkesson arbeidd med vekselvis raud og svart steingodsleire som ho armerer med papirfiber. Fibrane forsvinn under brenninga, og vil samstundes påverke glasuren og kunne lage krater i denne. Går ein nært nok, får ein gjerne kjensle av at leira har fått eit eige liv; at den pustar, boblar og fresar. Midt i alt det rolege, enkle og kjende har ho funne ein framgangsmåte der ho ikkje lenger har full kontroll, men må prøve og feile – brenne, studere resultatet, glasere på ny og brenne endå ein gong – eller forkaste. Ho må vere til stades.

Medan Åkesson arbeider med behaldaren som eit skall, og det tynne skiljet mellom det som er inni og det som er utanfor, har Nina Malterud dei seinare åra halde seg til mindre fat og flate skåler. Også Malterud arbeider i seriar, med utgangspunkt i former som rektangel, kvadrat, sirklar eller ovalar. Desse heilt enkle grunnformene utformar ho ganske røft, men tynt, noko som gjer at sirkelen kanskje ikkje får ei heilt perfekt ytre form, flaka kan bulke seg i overflata eller dei kan ha sprekkar i kanten. På eit underleg vis gjev dei meg kjensle av at kunstnaren berre har funne formene og ikkje laga dei sjølv. Formene ser ut som dei har eksistert alltid, akkurat slik. Medan Malterud arbeidde mykje med mønster og dekor på sine tidlegare, ofte større arbeid, er dette tona svært ned i seinare tid. Fata kan gjerne ha ei fane, ein kant eller ei ramme, om ein vil, som skil seg frå resten av flata. Nokre kan jamvel ha svake stripe- eller rutemønster. Men ho jaktar først og fremst på det som oppstår når lag på lag med glasurar og begitningar – som er ei flytande leire påført medan leirskjerven framleis er fuktig, og som gjev ulike fargar ved å tilsette metall-oksider eller fargestoff – får verke saman i brenning etter brenning. Arbeida hennar er både skjøre og røffe, poetiske, mjuke og sterke på same tid, og mange gjev assosiasjonar til natur, det vere seg tåkedis, planetar, morgonsol eller verdsrommet. Ein tittel som Værkart trekkjer tankane mot alle desse små skiftingane ein kan få auge på om ein berre ser etter, som ein parallell til målaren J. C. Dahl sine sky-studiar. Ein annan serie kallar Malte­rud for Hud. Krympeglasur har snurpa seg saman her, krakelert der, og kan kanskje minne om hud som har fått sine rynker og arr og spor etter levd liv. Også Malterud har snevra inn arbeidsfeltet for å kunne konsentrere seg og komme djupare inn i arbeidet, der ho med eit avgrensa sett av variablar, kan sleppe seg laus og eksperimentere på ein stad på grensa av kontroll.

Begitning har vore brukt til dekor over heile verda i uminnelege tider. Den kan målast på ein fuktig leirskjerv, ein kan risse gjennom den for å hente fram fargen på skjerven under, eller ein kan teikne mønster ved hjelp av horning, der den flytande massen blir sprøyta på skjerven som krem på ei kake. Sidsel Hanum har funne fram til sin eigen måte å bruke horning på. Ho hoppar over skjerven, går rett på sprøytinga, og teiknar dei same millimeter­tjukke strekane om att og om att lag på lag, nesten som meditasjon. Utgangspunktet er eit slags organisk nettverk, og med ei konkav form i botnen, og med naturen som inspirasjonskjelde, byggjer ho sakte opp høge celle-strukturar som kan minne om naturen sine eigne former, som skjell, korall, vepsebol eller trefibrar studert gjennom mikroskop. Lyset siv gjennom dei perforerte veggane, og gjer verka nesten vektlause, samstundes som det oppstår vakre skuggespel som leiker med formene. Medan dei første arbeida hennar i denne teknikken var opnare, forholdsvis todimensjonale og hadde tydelegare skålform, er nokre av dei seinare arbeida hennar meir skulpturelle, med ganske høge, uregelrette, tette veggar som fort kan leie tankane mot forvitra steinformasjonar. Hanum glattar ikkje ut rillene i arbeidet, som Åkesson gjer med pølsene i sylinderveggane sine, men lét rillene stå som årringar i verka. Ho brukar i all hovudsak innfarga porselensleire, som gradvis kan endre farge opp gjennom laga eller utover i forma. På same vis som Åkesson og Malterud held Hanum seg innanfor eit ganske smalt repertoar, noko som gjer at også ho kan fokusere på å strekkje arbeidet sitt lenger og lenger, ørsmå skritt om gongen, og dra teknikk og materiale mot grensa til det mogelege.

Den siste keramikaren, John Skognes, brukar korkje innfarga leire eller glasurar på objekta sine. I staden lét han flammane i den vedfyrte omnen sin prege overflatene. Alt etter kva type leire han brukar, korleis han stablar omnen, og korleis flammane leikar og oska fell over arbeida, vil det oppstå ulike fargenyansar på overflata. Skognes gjekk på Bergens kunsthåndverksskole om lag samstundes med Solberg, og vart tidleg introdusert for det å brenne keramikk i utandørs vedomnar. Dette er ein svært gamal brenningsmåte som Skognes trufast har halde seg til sidan, og som han etter kvart meistrar suverent. Han arbeider også med utgangspunkt i urgamle keramikkformer som urna, tekanna og tebollen, men i motsetnad til dei skjøre og sarte verka til dei andre utstillarane, er verka til Skognes gjerne tyngre og kraftigare i godset. Men det vil ikkje seie at dei ikkje er like taktile og sanselege. Dei stillferdige arbeida hans ropar kanskje ikkje på deg, men stoppar du opp og tek deg tid til verkeleg å sjå, vil du oppdage eit vell av nyansar, som saman med vekslinga mellom blankt og matt gjev ein stor variasjonsrikdom i flata. Skognes plasserer seg i ein lang handverkstradisjon med verka sine, og det er ikkje vanskeleg å tenkje Austens keramikk som inspirasjonskjelde.

Det er fem ulike, men veletablerte keramikarar som rundar av serien Present på Bomuldsfabriken kunsthall i 2020. Mykje skil dei frå kvarandre, men nokre ting har dei felles: Dei har mot og vilje til å halde seg i sentrum av faget sitt, og dei har trott til å undersøker kor langt dei kan komme med utgangspunkt i enkle kvardagsobjekt og avgrensa verkemiddel, berre dei sjølve er til stades i prosessen. Det er ei kontemplativ ro over avskjedsutstillinga til Harald Solberg. Ein presang til ettertanke frå ein som ikkje lenger er present.

Les mer +

Design og utvikling: Innoventi