DEI GØYMDE HISTORIANE

Arrangement
Hvor
Pris
Gratis for alle

 

 

Tankar om det som var, det som kunne ha vore og det som er. Minna om ei tid då alt var annleis og om det å være her og no. Publikum bevegar seg i eit rom av lyd der lyden endrar seg etter kor ein bevegar seg i rommet. Utsyrt med kvar sine hovudtelefonar kan publikum lytte til lydlandskapa i sitt private lytterom.

 

Kaldestad gav i 2016 ut plata Stille stille med trioen Kaldestad som fekk svært gode kritikkar i inn- og utland. Dei gøymde historiane er hennar første lydinstallasjon der ho har laga både tekst- og lydmateriale sjølv. Med seg i prosjektet har ho lysdesignar Evelina Dembacke som har gjort videoarbeid. Den tekniske utforminga av installasjonen er utvikla i samarbeid med Thom Johansen ved Notam – norsk senter for teknologi i musikk og kunst. Deler av musikken er framført av Are Lothe Kolbeinsen (gitar) og Anne Hytta (hardingfele). Magnus Bugge har bidrege med teknisk bistand i lydarbeidet. Ronny Furevik har gjort atmosfæreopptak frå Gamlebyen i Oslo.

 

Takk til Harald Solberg/Bomuldsfabriken Kunsthall, Thom Johansen, Evelina Dembacke, Notam, Are Lothe Kolbeinsen, Anne Hytta, Magnus Bugge, Ronny Furevik, Aslak og Eivor.

 

Co-produksjon, Notam – norsk senter for teknologi i musikk og kunst. Støtta av Norsk Kulturråd og Notam.