Vi holder åpent tirsdag til søndag
Bomuldsfabriken Kunsthall og Kunstarena gruvene: 12:00 - 16:00

DEI GØYMDE HISTORIANE 18. November - 17. Dec 2017 - Bomuldsfabriken Kunsthall

 

 

 

Tankar om det som var, det som kunne ha vore og det som er. Minna om ei tid då alt var annleis og om det å være her og no. Publikum bevegar seg i eit rom av lyd der lyden endrar seg etter kor ein bevegar seg i rommet. Utsyrt med kvar sine hovudtelefonar kan publikum lytte til lydlandskapa i sitt private lytterom.

 

Kaldestad gav i 2016 ut plata Stille stille med trioen Kaldestad som fekk svært gode kritikkar i inn- og utland. Dei gøymde historiane er hennar første lydinstallasjon der ho har laga både tekst- og lydmateriale sjølv. Med seg i prosjektet har ho lysdesignar Evelina Dembacke som har gjort videoarbeid. Den tekniske utforminga av installasjonen er utvikla i samarbeid med Thom Johansen ved Notam – norsk senter for teknologi i musikk og kunst. Deler av musikken er framført av Are Lothe Kolbeinsen (gitar) og Anne Hytta (hardingfele). Magnus Bugge har bidrege med teknisk bistand i lydarbeidet. Ronny Furevik har gjort atmosfæreopptak frå Gamlebyen i Oslo.

 

Takk til Harald Solberg/Bomuldsfabriken Kunsthall, Thom Johansen, Evelina Dembacke, Notam, Are Lothe Kolbeinsen, Anne Hytta, Magnus Bugge, Ronny Furevik, Aslak og Eivor.

 

Co-produksjon, Notam – norsk senter for teknologi i musikk og kunst. Støtta av Norsk Kulturråd og Notam.

 

 

Design: Innoventi | Utvikling:Frameworks