Vi holder åpent tirsdag til søndag
Bomuldsfabriken Kunsthall og Kunstarena gruvene: 12:00 - 16:00

RADIUS 500 METER – Abusdal & Abusdal 13. October - 11. Nov 2018 - ARTendal

 

 

 

Kva var det eigentlig me levde av før olja? Radius 500 meter tek utgangspunkt i arkivet til Åsmund Abusdal, men kunne vore fotografert kor som helst i bygde-Noreg. Prosjektet er eit historisk dokument over lokalsamfunna på 1970- og 80-tallet, skildra gjennom ein serie personlege bilde frå Setesdal. Fotografia formidlar små kvardagsglimt fanga i ei tid då oljerikdomen enno ikkje hadde rukke å kome i land frå Nordsjøen. Dei er visuelle vitnesbyrd frå perioden som markerte slutten for etterkrigstidas sosialdemokratiske modell, før omstilling og nyliberalisme gjorde seg gjeldande.

 

Terje Abusdal er fotograf og visuell historieforteller fra Evje, men han bor og jobber i Oslo. Han utga prosjektet Radius 500 meter i bokform i 2015, og utstillingen har tidligere vært vist i Fotografiens hus i Oslo og Kunstbanken Hedmark Kunstsenter. Han er vinner av fjorårets Leica Oskar Barnack Award, og har hatt ei rekke utstillinger både nasjonalt og internasjonalt, sist ved Jaipur Photo Festival i India og Fotogalleriet i Oslo. Han ble også tildelt Aust-Agder fylkeskommunes kunstnerstipend for 2018.

 

Noreg kan med rette kalle seg ein oljenasjon. Me har hatt ein enorm velstandsauke dei siste 40 åra, mykje takka det svarte gullet frå kontinentalsokkelen. Det velferdssamfunnet me kjenner i dag, ville nok hatt ei ganske anna form utan oljeinntektene til å balansere statsbudsjettet. Dei siste par åra har derimot fallande prisar og ein utflata produksjon vist oss at ingenting varer evig. Det er derfor eitt spørsmål norske spåmenn, tingmenn og lekmenn synsar desperat om: Kva skal me leve av når olja er borte?

 

Med denne framtidsdystopien som bakteppe, og utgangspunkt i ein serie bilde tatt i ein radius av 500 meter rundt ein Esso-stasjon, rører dette prosjektet den motsette tematikken: Kva var det eigentlig me levde av før olja?

 

Ein seier at den som ikkje minnest fortida, er dømt til å gjenta ho. Dersom ein studerer desse bileta, er det kanskje ikkje faren for gjentaking som er mest slåande. Dette handlar mindre om fortidas feil, men kanskje meir om at det gjekk an å leve før oljerikdommen, at det til og med gjekk heilt fint. Det er kan hende hovudgrunnen til at ein skal unne seg eit blikk på den nære historia. Dette handlar ikkje berre om nostalgi, det handlar om å sjå at det finst velferd i samfunn med lågare kjøpekraft òg.

Så korleis såg lokalsamfunna våre ut, og kva var det som heldt dei saman?

 

Korleis var bygdelivet før den kulturelle homogeniseringa som følgde i kjølvatnet av internett, film og tv? Korleis var det å bu på landet før alle flytta til byen?

 

Bilda i «Radius 500 meter» tek utgangspunkt i arkivet til Åsmund Abusdal, men kunne vore fotografert kor som helst i bygde-Noreg. Prosjektet er eit historisk dokument over lokalsamfunna på 1970- og 80-tallet, skildra gjennom ein serie personlege bilde frå Setesdal. Fotografia formidlar små kvardagsglimt fanga i ei tid då oljerikdomen enno ikkje hadde rukke å kome i land frå Nordsjøen. Dei er visuelle vitnesbyrd frå perioden som markerte slutten for etterkrigstidas sosialdemokratiske modell, før omstilling og nyliberalisme gjorde seg gjeldande.

 

 


Vi presenterte utstillingen «Radius 500 meter – Abusdal & Abusdal – Kva levde me eigentleg av før olja? Ein framtidsdystopi med motsett forteikn» i ARTendal, Torvet 5, Arendal. Utstillingen ble åpnet av programleder/folkemusiker Leiv Solberg fra Froland. Dette er et prosjekt av Terje Abusdal (f. 1978) der han viser bestefaren Åsmund Abusdal (f. 1915) sine hverdagsfotografier fra ei lita bygd i Setesdal på 1970- og 80-tallet. Åpent fr–sø kl 12–16 t.o.m. søndag 11. november. Gratis inngang!

Design: Innoventi | Utvikling:Frameworks